Afternoon Tea
Herlege heimelaga godsaker på høge etasjefat. Kvite dukar, stearinlys og handbroderte serviettar. På servise frå 1921.
Kun på reservasjon
Tilgjengeleg frå onsdag – søndag i fellesferien.

Bordsetting
Her kan du enkelt booke eit bord til deg sjølv og nokon du er glad i. Hugs å informere om eventuell glutenallergi. Vi serverar dessverre ikkje laktosefritt.
Vi har bordsetting kl. 13:00 og kl.15:00.

Omvising før maten
For den fullstendige opplevinga, anbefalar vi å bli med på ei omvising, der ein kan sjå huset og høyre historia. Om ein bestiller omvising i forbindelse med Afternoon Tea får ein ei litt beidre pris.
Vi har omvisingar kl. 12:00 og kl. 14:00.
Vel “omvising før maten” som eit ekstraprodukt ved utsjekk.